Er den administrative leiaren av laget og har ansvaret for at alt praktisk fungerer rundt laget.
Lagleiar sine oppgåver samt litt praktisk informasjon
- Kontaktperson mellom, trenar/foreldre/spelar/materialforvaltar/styret.
- Ajourføre (digital) spelarliste i Spond. Hugs fult namn, adresse, fødselsdato, drakt nummer med storleik og minst ein føresett med mobil og e-postadresse
- Ansvar for oversikt, utdeling og innsamling av drakter til spelarane.
- informere andre lag om heimakamp som kolliderar med treningane
- Klubben set opp dommar til kamp for laga opp til 13 år. Lagleiar har ansvar for å kontakta dommar før kamp eller ved byte av kampdag/tidspunkt.
For laga 13 år og oppover er det kretsen som set opp dommar – men i mange kampar blir kampen sett til at heimelaget må skaffe dommar. I desse tilfella er lagleiar ansvarleg for å skaffe dommar. Sjekk Fiks eller Min fotball app for info om dommar. - IL Harding har i tråd med Norges Fotballforbund sin reglar kampvert på alle heimekampane. Det er lagleiar sitt ansvar å vera kampvert eller syte for at andre vaksne/foreldre tek oppgåva. Informer vedkomande godt kva rolla inneber. Kampverten skal ha på seg kampvertvest. Sjå meir informasjon på eige side om kampvert og dommar.
- Alle rom som har vore brukt i klubbhuset skal vaskast etter heimekamp. Lagleiar har ansvar for at garderoben vert vaska etter bruk ved å setja opp ansvarlege foreldre. Dette må lagleiar ordne reint praktisk ved å laga lister.
- Ansvar for at det vert sal i kiosken ved heimekampar. Få med alle foreldra til spelarane. Foreldreansvarsliste kan vera lurt. Fotballgruppa har konto på Spar og Bunnpris for innkjøp. Alle kan kjøpe det som manglar. Overskot set de inn på kontoen til fotballgr: 3450.35.14593 – merk: laget ditt og dato.
Rutiner kiosk >>
Rutiner kampvert (pdf) >> - Ordna privat skyss til bortekamp. Skaffa sjåfør til Hardingbilen om den skal nyttast.
Booking av Hardingbilen >> - Melde på lag til cup og turneringer
Hvert lag bestemmer selv hvor ,mye de ønsker å delta på turneringer.
Påmeldingsavgift til turneringer dekkes av klubben, faktura skal videresendes til faktura.fotballharding@gmail.com.
Eventuelle deltakerkort må spillerene betale for selv.
