Har ansvar for det sportslege, dvs. planlegging og gjennomføring av fotballaktivitetane på trening, kampar og turneringar.

Trenaren sine oppgåver

  • Klubben ser det som sjølvsagt at trenaren følgjer dei retningslinjer som NFF har for barnefotballen, ungdomsfotball og vaksne, og elles følgjer dei retningslinjene som gjeld for IL Harding fotball. Viser til nye retningslinjer gjeldande frå 2018
  • Skaffa nødvendig utstyr hjå materialforvaltar 
  • Møta til rett tid. Om noko skulle forhindra trenaren i å møta, må han/ho skaffa nokon som kan ta treninga. Prøv i det lengste å ikkje avlysa trening. Om ikkje dette lukkast, gje spelarane/foreldre beskjed om at treninga vert avlyst.  
  • Gje lagleiar beskjed visst det byrjar nye spelarar på laget. 
  • Ansvarleg for uttak av lag til kampar.  
  • Ansvarleg for å skaffa ein vaksen person til å vera til stades på kamp om han/ho sjølv er forhindra frå å møta.  
  • Nytta elektronisk kamprapport ved både heime- og borte -kamp. (Gjeld klassen G/J 13 og oppover). Ta kontakt med Jana med spørsmål og opplæring kring dette. Hugs at elektronisk kamprapport skal nyttast.  
  • Ansvar for å halde orden i ballrommet, rydde ballar og mål på plass etter trening

Klubben set stor pris på jobben de gjer! Lukke til !