Publikum

Alle som er publikum skal oppholde seg i området framfor klubbhus og langs banen på mur – ikkje lov med publikum på banen. Det er kun spelarar, trenar og lagleiar som skal inn på banen.

TRENAR
  • Klubben ser det som sjølvsagt at trenaren følgjer dei retningslinjer som NFF har for barnefotballen, ungdomsfotball og vaksne, og elles følgjer dei retningslinjene som gjeld for IL Harding fotball. Viser til nye retningslinjer gjeldande frå 2018
  • Skaffa nødvendig utstyr hjå materialforvaltar 
  • Møta til rett tid. Om noko skulle forhindra trenaren i å møta, må han/ho skaffa nokon som kan ta treninga. Prøv i det lengste å ikkje avlysa trening. Om ikkje dette lukkast, gje spelarane/foreldre beskjed om at treninga vert avlyst.  
  • Gje lagleiar beskjed visst det byrjar nye spelarar på laget. 
  • Ansvarleg for uttak av lag til kampar.  
  • Ansvarleg for å skaffa ein vaksen person til å vera til stades på kamp om han/ho sjølv er forhindra frå å møta.  
  • Nytta elektronisk kamprapport ved både heime- og borte -kamp. (Gjeld klassen G/J 13 og oppover). Ta kontakt med Jana med spørsmål og opplæring kring dette. Hugs at elektronisk kamprapport skal nyttast.  
  • Ansvar for å halde orden i ballrommet, rydde ballar og mål på plass etter trening
LAGLEIAR
  • Kontaktperson mellom, trenar/foreldre/spelar/materialforvaltar/styret.  
  • Ajourføre (digital) spelarliste i Spond. Hugs fult namn, adresse, fødselsdato, drakt nummer med storleik og minst ein føresett med mobil og e-postadresse
  • Ansvar for oversikt, utdeling og innsamling av drakter til spelarane. 
  • informere andre lag om heimakamp som kolliderar med treningane
  • Klubben set opp dommar til kamp for laga opp til 13 år. Lagleiar har ansvar for å kontakta dommar før kamp eller ved byte av kampdag/tidspunkt.
    For laga 13 år og oppover er det kretsen som set opp dommar – men i mange kampar blir kampen sett til at heimelaget må skaffe dommar. I desse tilfella er lagleiar ansvarleg for å skaffe dommar. Sjekk Fiks eller Min fotball app for info om dommar. 
  • Etter kamp er lagleiar ansvarleg for registrering av dommar som skal ha betaling. Dette gjer ein i eige skjema.  Dette gjelder ikkje dommarar som kretsen set opp. Dei sender eigen rekning i fiks til klubben. 

    Skjema dommerrekning >>
  • Satsar for dømming av barne-/ungdomsfotball.
    • 3er fotball 100,- pr kamp
    • 5er fotball 150 kr. pr. kamp  
    • 7er fotball 250 kr. pr. kamp
    • 9er fotball 450 kr. pr. kamp 
    • 11er fotball 600 kr. pr. kamp 
  • Andre satsar om dommar kjem tilreisande frå andre klubbar.
  • IL Harding har i tråd med Norges Fotballforbund sin reglar kampvert på alle heimekampane. Det er lagleiar sitt ansvar å vera kampvert eller syte for at andre vaksne/foreldre tek oppgåva. Informer vedkomande godt kva rolla inneber. Kampverten skal ha på seg kampvertvest. Sjå meir informasjon på eige side om kampvert og dommar. 
  • Alle rom som har vore brukt i klubbhuset skal vaskast etter heimekamp.  Lagleiar har ansvar for at garderoben vert vaska etter bruk ved å setja opp ansvarlege foreldre.  Dette må lagleiar ordne reint praktisk ved å laga lister.  
  • Ansvar for at det vert sal i kiosken ved heimekampar. Få med alle foreldra til spelarane. Foreldreansvarsliste kan vera lurt. Fotballgruppa har konto på Spar og Bunnpris for innkjøp. Alle kan kjøpe det som manglar. Overskot set de inn på kontoen til fotballgr: 3450.35.14593  – merk: laget ditt og dato.

    Rutiner kiosk (pdf) >>
    Rutiner kampvert (pdf) >>
  • Ordna privat skyss til bortekamp.  Skaffa sjåfør til Hardingbilen om den skal nyttast.

    Booking av Hardingbilen >>

Kampvert

Kampvert tar imot bortelaget, rettleier tilskodarar og andre og oppfordrar til positivitet frå trenar/lagleiar, både mot spelarar og dommarar.

Før kampen:
  • Sørge for at garderober, bane og mål er i orden.
  • Ønske velkommen begge lag og dommer (e).
  • Minne hjemmelagets trener i å avholde Fair play-møtet.
  • Minne trenere og dommer om å organisere Fair play-hilsen før kampstart.
  • Ha kunnskap om hvor klubbens hjertestarter er og ha telefon for å ringe 113.
Under kampen
  • Støtte dommeren og påse at reaksjoner mot dommer er innen rimelighetens grenser.
  • Prate med dommer i pausen.
  • Oppfordre til gode og positive tilrop fra foreldre, og ta kontakt hvis det går over streken. Vise til foreldrevetteregler og klubbens verdier.
  • Påse at alle tilskuere oppholder seg på anvist område
  • Oppfordre til positivitet fra trenere/lagledere både mot spillere og dommer.
Etter kampen
  • Minne trenere og dommer på å organisere Fair play-hilsen, samt Handshake for Peace
  • Takker begge lag og dommer
  • Ta inititativ til rydding rundt banen etter kampslutt
Utsyr til dommarar

Kampvert må syta for at dommarane får det utstyret dei trenger. På ballrommet ligg:

  • Klubbdommarvestar / trøyer som dommarane skal nytta.
  • Fløyter (Dommar skal ha eigen fløyte. Ligg reserve fløyter i skap på ballrommet)
  • Stoppeklokka (skal ligge i skap på ballrommet)
  • Blyant og blokk til å notera undervegs i kampen
  • Dommarane bør elles kle seg i treningsklede (med klubbdommarvest). Skal IKKJE bruka mobil under kamp.

Rutiner kampvert (pdf) >>

kiosk vakt

Rutiner kiosk vakt (pdf) >>