IL Harding fotball og Mikkel inviterer til vårens kjekkaste fotballturnering MIKKELCUP8.-10. mars 2024i Fjordahallen i Kinsarvik Turneringa er for dei født i 2015, 2016 og 2017 |
Påmeldinga er nå stengt Påmeldingsfrist er 25.februar! |
Program 2024:
(pdf filer – program lørdag og program søndag)
Lørdag og søndag er leikelandet i Mikkelparken, Skoskogen, open for alle som er med på fotballcupen (både spelarar og supportarar).
Velkommen inn for leik og moro |
Mikkel og Mikkeline kjem for å helse på utover dagen både på lørdag og søndag – dei kan nesten ikkje vente til dei skal få treffe alle fotballspelarene frå fjern og nær |
Lørdag kveld er det duka for fest og moro. Kvelden startar med Mikkel og Mikkeline show
|
IL Harding kjører i gong
diskotek for både store og små
|
Få med deg all moroa alle dagane, bu på Mikkelparken Ferietun heile helga!
Mikkel si superfotballhelg på Mikkelparken Ferietun inneheld:
- Alle får velkomstgåve ved ankomst
- Opent leikerom med mykje moro
- Vær kreativ med gøyal teiknemoro
- Øv deg før kampane – spel fotball i Mikkel sin eigen fotballbinge
- Sving deg rundt på leikeplassen på Mikkelparken Ferietun
- Bur det ein golfspelar i deg? Test ut minigolfen til Mikkel
Lørdag 9.mars
- Leikelandet Skoskogen er open frå kl 10-17 slik at ein kan finna på mykje moro mellom kampane sine – her kan du springa rundt eller setta deg ned og teikne og vera kreativ
- Mikkelparken Ferietun er open heile dagen for dei som ynskjer å bruka fasilitetane på området eller berre slappa av i leikerommet med film og teikning
- Kreativt studio på Mikkelparken Ferietun – design di eiga Mikkelcupt-skjorte – sjå oppslag om klokkeslett for denne aktiviteten
- kl 16:00-18:30 får de herleg tacobuffet på Mikkelparken Ferietun
- kl 17-17:30 Dans og moro på Mikkelparken Ferietun
Praktisk info
- Mikkelcup er eit samarbeid mellom IL Harding Fotball og Mikkel frå Mikkelparken
- Alle kampane blir spelt i Fjordahallen i Kinsarvik
- Påmeldingsavgift kr 500,- pr lag, ingen ytterlegare spelarkortavgift
- Lag med spelarar født i 2015 spelar 5er fotball, dei fødde i 2016 og 2017 spelar 3er fotball
- Alle som deltek får premie
- Fleire overnattingsmuligheter: Kinsarvk Camping, Hotel Ullensvang, Lofthus Camping